29/07/2026
Endeleg er slepet til MAFOSS-medlem Island Offshore heime. Vi gler oss over satsinga og alle ringverknadene ein får av å ferdigstille her til lands og ønsker alt godt for skip og mannskap når den skal ut i teneste.
Etter fleire veker på slep frå Romania passerte NB 977 Island Evolution heimlege trakter på veg mot Vard Langsten på morgonen i dag🙌 Reisa starta i Braila 27. juni, med stopp i Tulcea før hovudslepet gjekk vidare mot Noreg.
🔧Vi har eit byggetilsynsteam som har fått følge prosessen frå stålkutting og kjølstrekk, via sjøsetting og slep, til ankomst i Tomrefjord. 👉 No tek neste kapittel til ved Vard Langsten, der utrusting og ferdigstilling står på planen, og vi gledar oss til å få ta del i dette no som skipet er nærmare «heime»👏
⛴️ Island Evolution er utvikla for avanserte subsea- og offshoreoperasjonar, med ny teknologi som bidreg til lågare utslepp og høg operasjonell fleksibilitet. Skipet er venta levert i januar 2027, og tre månadar seinare skal også søsterskipet vere klart for levering.