24/01/2026
☕Kva er rett om pausar på jobb?
✅Du har rett til minst éin pause når den daglege arbeidstida overstig fem og ein halv time. Dersom den daglege arbeidstida er åtte timar eller meir, skal pausane til saman vere minst ein halv time.
✅Om du må opphalde deg på arbeidsplassen i pausen, eller det ikkje finst eit godt nok pauserom, skal pausen reknast som arbeidstid.
✅ Dersom du arbeider meir enn to timar etter at den alminnelege arbeidstida er avvikla, har du rett på ein ny pause på minst ein halv time. Pausen skal reknast som ein del av arbeidstida.