Advokatfirmaet Tollefsen As

Advokatfirmaet Tollefsen As Advokatfirmaet Tollefsen AS tilbyr spesialisert juridisk rådgjeving på konkurransedyktige vilkår.

Vi har 9 tilsette advokatar, ein advokatfullmektig, to sekretærar og autorisert rekneskapsførar. Vi tek oppdrag innanfor dei fleste rettsområde, men har flest saker innan nærings- og forretningsjus, bistand til offentlege etatar, barnevern, familierett og strafferett. Vi er samarbeidsadvokat for Huseiernes Landsforbund, forsikringsselskapet IF og NHO.

I dag har Noreg mista Kong Harald. Trygve Skaug sett fine ord på kven han var for det norske folk. Kvil i fred, Kongen v...
28/08/2026

I dag har Noreg mista Kong Harald. Trygve Skaug sett fine ord på kven han var for det norske folk. Kvil i fred, Kongen vår 🕊️

For andre år på rad var vi i førre veke på Småkraftforum i Loen, denne gongen representerte ved advokat Kristin Aspevik....
10/08/2026

For andre år på rad var vi i førre veke på Småkraftforum i Loen, denne gongen representerte ved advokat Kristin Aspevik. Samstundes som kraftbransjen var samla, varsla regjeringa omfattande grep for å korte ned konsesjonsprosessane for kraft- og nettutbygging.

Kva kan endringane bety for kraftprodusentar og utviklarar av nye prosjekt?

Les vurderinga vår her 👇

Kortare konsesjonsprosessar for kraft og nett Regjeringa peikar på at etterspurnaden etter kraft og nettkapasitet har auka kraftig, utan at utbyggingstempoet har halde tritt. Manglande nettkapasitet gjer det vanskeleg å etablere og utvide næringsverksemd og kan stå i vegen for investeringar i ny...

23/06/2026

Kan du bli ansvarleg for eit lån du aldri har teke opp?

Ja, seier Høgsterett.

I ein fersk dom vart ein mann dømd til å betale nær ein halv million kroner i forbrukslån som ein annan person hadde teke opp i hans namn. Grunnen? Han hadde gitt frå seg BankID, passord og personnummer.

Dommen sender eit tydeleg signal: BankID er strengt personleg, og terskelen for å sleppe ansvar er svært høg.

Vi har sett nærare på kva dommen betyr for deg – og kvifor det kan bli dyrt å stole på feil person.

Les meir her 👇

https://www.advokat-tollefsen.no/aktuelt-blogg/erstatningsansvar-ved-misbruk-av-bankid-hgsterett-fastslr-fullt-ansvar-for-lntakar-utan-lemping

Noregs herrelandslag er i VM ⚽🇳🇴 og det er kjekkest å sjå kamp saman på storskjerm. Mange idrettslag, bygdelag og forein...
22/06/2026

Noregs herrelandslag er i VM ⚽🇳🇴 og det er kjekkest å sjå kamp saman på storskjerm. Mange idrettslag, bygdelag og foreiningar ønskjer å leggje til rette for det, men før invitasjonane går ut, er det eitt spørsmål de bør stille:

Har vi faktisk lov til å vise kampen?

Reglane er ikkje dei same for NRK og TV 2. Vi forklarer kva som gjeld, og kva de bør sjekke før de arrangerer fotballfest.

Les meir her 👇

Skrevet av: Advokatfullmektig Ole Kristian Evebø og advokat Kristine Celius Noreg er for første gong på 28 år med i VM i fotball, og engasjementet langs heile vestlandet er stort. Sogndal Fotball inviterer til gratis storskjermvisning av Noreg mot Frankrike på Fosshaugane fredag 26.

Vi har ei gledeleg nyheit å dele!May-Linn Sandvik går inn som partnar i Advokatfirmaet Tollefsen frå 1. juli. May-Linn h...
19/06/2026

Vi har ei gledeleg nyheit å dele!

May-Linn Sandvik går inn som partnar i Advokatfirmaet Tollefsen frå 1. juli. May-Linn har på kort tid blitt ein viktig del av laget vårt. Ho er ein dyktig advokat med høg fagleg kompetanse, stort engasjement og eit sterkt fokus på å finne gode løysingar for klientane sine.

Som florøværing og ein sentral del av satsinga vår i Florø og Førde, vil ho også spele ei viktig rolle i den vidare utviklinga av firmaet i Sunnfjord.

Vi gratulerer May-Linn med partnarskapet!

Vi er glade for å kunne dele at May-Linn Sandvik tiltrer som partnar i Advokatfirmaet Tollefsen frå 1. juli 2026. May-Linn har på kort tid blitt ein viktig del av firmaet. Ho har opparbeidd seg ein sterk posisjon både blant klientar og kollegaer gjennom høg fagleg kvalitet, stort engasjement og...

Det er ikkje eit spørsmål om "om" verksemda blir utsett for eit cyberangrep – men "når".Med NIS2 skjerpar EU krava til c...
10/06/2026

Det er ikkje eit spørsmål om "om" verksemda blir utsett for eit cyberangrep – men "når".

Med NIS2 skjerpar EU krava til cybersikkerheit, beredskap og leiingsansvar for ei rekke verksemder.

Er de førebudde?

Vi ser nærare på kva dei nye reglane inneber, og kva verksemder bør gjere allereie no.

Les meir 👇

Hva er NIS2? NIS2-direktivet (direktiv (EU) 2022/2555 ) er EUs nye regelverk for cybersikkerhetstiltak. Formålet er å styrke motstandskraften mot digitale trusler og sikre et mer enhetlig sikkerhetsnivå i Europa. Direktivet erstatter det tidligere NIS1-regelverket og omfatter langt flere virksom

Kor mykje betyr det som ikkje står i kontrakten?I ei ny avgjerd frå Høyesterett gir retten viktige føringar for korleis ...
07/05/2026

Kor mykje betyr det som ikkje står i kontrakten?

I ei ny avgjerd frå Høyesterett gir retten viktige føringar for korleis profesjonelle avtalar skal tolkast, og kor langt lojalitetsplikta mellom partane eigentleg strekkjer seg.

For næringslivet er bodskapen ganske klar: Det som er viktig, bør stå i avtalen🤓
Akkurat det kan vi hjelpe deg med.

Les meir om kva dommen betyr i praksis👇

Av: Kristine Geirsdatter Celius Kor mykje kan ein eigentleg leggje i det som ikkje står i ein kontrakt? I ei ny avgjerd frå Høyesterett i saka HR-2026-280-A blir nettopp dette sett på spissen. Dommen gir klare svar på korleis profesjonelle avtalar skal tolkast – og kor langt plikta til å opp...

Adresse

Parkvegen 5
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4757628850

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Advokatfirmaet Tollefsen As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Advokatfirmaet Tollefsen As:

Snarveier

Del