Bjørnafjorden Næringsråd

Bjørnafjorden Næringsråd Bjørnafjorden Næringsråd er ein organisasjon som skal jobbe for det beste for næringslivet i regionen rundt Bjørnafjorden!

Som medlem i Bjørnafjorden Næringsråd får du være med der det viktige skjer! Du knytter viktig nettverk med andre næringsdrivande i kommunen, du får faglig påfyll og du er ein viktig støttespelar for ein organisasjon som jobbar hardt for det lokale næringslivet!

Velkommen som ny senterleiar hos Thon Senter Os Eirik Andreas Mork.
03/08/2026

Velkommen som ny senterleiar hos Thon Senter Os Eirik Andreas Mork.

– Gler meg til å bli kjent med både senteret og Osbygda.

🌍 Gratulerer til Compact Food Solutions!Bjørnafjorden Næringsråd vil gratulera Compact Food Solutions med utmerkinga som...
23/06/2026

🌍 Gratulerer til Compact Food Solutions!
Bjørnafjorden Næringsråd vil gratulera Compact Food Solutions med utmerkinga som månadens bedrift i juni frå NHO Vestland – ei svært velfortent anerkjenning! 👏
Frå Søfteland utviklar og produserer denne medlemsbedrifta ernærings- og beredskapsprodukt som vert brukte i nokre av verdas mest krevjande situasjonar. Med eit tydeleg globalt samfunnsoppdrag, er dei eit godt døme på at bedrifter frå Bjørnafjorden kan vera med å skape verdiar med global betydning. Vi er stolte av å ha dykk med på laget, og heiar på dykk vidare 🚀

De produserer nødhjelps- og beredskapsmat til hele verden. Compact Food Solutions er månedens bedrift i juni!

Husk Årsmøtet vårt - torsdag 28 mai på Framo Fusa kl 19:30. I tillegg til årsmøtesaker vil Framo gje eit innblikk i kva ...
22/05/2026

Husk Årsmøtet vårt - torsdag 28 mai på Framo Fusa kl 19:30. I tillegg til årsmøtesaker vil Framo gje eit innblikk i kva som rører seg i den største verksemda i kommunen - det er ikkje lite. Me skal også snakke litt om strategiar for næringsrådet framover. Ein god moglegheit til å gje oss innspel.
Saksliste og årsrekneskap ligg no ute. Husk å melde på di bedrift, slik at vi veit kor mange som kjem.

Sak 1: Konstituering Godkjenning av innkalling og saksliste. Val av møteleiar, referent og to medlemmar til å skrive under protokollen.

Ny aktør til Lyseparken: Måkestad Engros etablerer seg i Lyseparken med nytt hovudkontor og lager på 17.000 kvadratmeter...
13/05/2026

Ny aktør til Lyseparken: Måkestad Engros etablerer seg i Lyseparken med nytt hovudkontor og lager på 17.000 kvadratmeter. Selskapet er ein sentral matgrossistaktør på Vestlandet og leverer til serveringsstader og til offshore/rederi. Når Måkestad samlokaliserer heile grossistverksemda frå Lønningen og Åsane til Bjørnafjorden, følgjer om lag 220 tilsette med. I Lyseparken har Måkestad kjøpt 30 mål, med opsjon på 7 mål til.

Les meir på Midtsiden: https://www.midtsiden.no/makestad-flyttar-all-matrelatert-aktivitet-til-lyseparken
Os og Fusaposten: https://www.osogfusa.no/nyhende/ny-storaktor-klar-for-lyseparken/508922

– Os høyrdest langt vekke ut – det har tatt nokre bilturar for å overbevise meg.

Gratulerer så mykje til Elesense med nominasjonen som finalist til Distriktsenergis innovasjonspris 2026! 👏Dette er ei s...
11/05/2026

Gratulerer så mykje til Elesense med nominasjonen som finalist til Distriktsenergis innovasjonspris 2026! 👏

Dette er ei sterk anerkjenning av ein lokalt utvikla ide, og som har fått Fusa Kraftlag SA inn på eigarsida. No satsar Elesense kommersielt - med eigenutvikla, praktiske løysingar for digitalisering og overvaking av straumnettet. Slik kan nettselskap oppdage og løyse driftsproblem raskare.

Denne månaden har Lars Halvor Rabben (biletet) gått inn som dagleg leiar i Elesense, med særleg ansvar for sal og marknad i ein fase der selskapet skal ut til fleire kundar og nettselskap. Vi vil gratulere Lars Halvor Rabben, grunnleggjar og CTO Pieter Johannes de Zwarte og resten av laget rundt Elesense. Dette er eit flott døme på korleis lokal kraftkompetanse, entreprenørskap og vilje til testing i praksis kan bli til nye løysingar med nasjonalt potensial.

Vi heiar på Elesense fram mot kåringa på Distriktsenergis årskonferanse 9.–11. juni! ⚡ Les meir om nominasjonen på: https://www.distriktsenergi.no/arskonferanse/distriktsenergis-innovasjonspris-2026-finalistene-er-klare/

Minner om moglegheit for næringslivet i og rundt Osøyro - at du kan få ein gratis service av sykkelen din - torsdag 30. ...
29/04/2026

Minner om moglegheit for næringslivet i og rundt Osøyro - at du kan få ein gratis service av sykkelen din - torsdag 30. april. I anledning at ein oppmodar til meir bruk av sykkel til og frå jobb, er dette eit tilbod som våre medlemmer kan nytte. Er du heldig kan du vinne deg ein ny sykkel også. Stikk innom torget på Osøyro torsdag.

24/04/2026

Etablerardagen i Bjørnafjorden, it's a wrap! Tusen takk til engasjerte ideskaparar, gründarar, foredragshaldarar og sponsorar. Her er aftermovie'n frå eventet!

Forfriskande og inspirerande å høyre frå Kaj Myklatun, Jakob Chr. Christensen, Thomas Sandland, Sandra Haugland, Reidar Birkeland, Magnhild Instanes, Håkon Knudsen, Tarjei Vangdal, Bjørn-Christian Pedersen

Eit ørlite innblikk og kjappe replikkar å sjå i videoen, men dette var ein dag som strakk seg frå klokka 13 til 20. Foredrag, workshopar, gode diskusjonar, feilefest og nettverking. Håper deltakarane fekk noko utbyte, og stadfesting at sjølv i business kan ein bruke Lego!

Takk for samarbeidet - Sparebanken Norge, Advokatfirmaet Kyrre, Etablerersenteret, Fabrikken

FjordFolk POTA MADRE Benjamin Norenes & Bjarte Falkanger

Lokalt næringsliv kan ikkje akseptera at ei storstilt nedklassifisering av fylkesvegar blir gjort som ei enkel løysing p...
10/04/2026

Lokalt næringsliv kan ikkje akseptera at ei storstilt nedklassifisering av fylkesvegar blir gjort som ei enkel løysing på manglande vegvedlikehald. Næringsalliansen Vestland som Bjørnafjorden næringsråd er ein del av, kjem med ei tydeleg uttale om at det må skje ei oppgradering i staden. Dette gjeld fleire strekningar i vår eigen kommune som er transportårer inn til viktige næringsområde. Me registrerer at Hovudutval for samferdsel og mobilitet gjekk imot eit forslag om ei brei nedklassifisering, men det kan heller ikkje vere den endelege løysinga på den generelle utfordringa med dårlege fylkesvegar.

Uroa over forslag om å redusera det tillatne akseltrykket.

Ikkje gå glipp av dette frukostmøtet 21. april. Deloitte kjem med innsikt til næringslivet i Bjørnafjorden for viktige t...
09/04/2026

Ikkje gå glipp av dette frukostmøtet 21. april. Deloitte kjem med innsikt til næringslivet i Bjørnafjorden for viktige teknologitrendar som er venta å prege dei neste 18 til 24 månadene. Når Deloitte presenterer den årlege Tech Treds-rapporten andre stader vert det raskt fullteikna.

Samstundes får vi lokale eksempel frå Samba Marin AS og kva moglegheiter som teknologi opnar for til sjøs, og Octaos, korleis deira "nytilsette" AI-agentar endrar måten å jobbe på i ei teknologibedrift.

Meir info og påmelding i kommentarfeltet.

Adresse

Torggata 14
Osøyro
5201

Telefon

+4794150169

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bjørnafjorden Næringsråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bjørnafjorden Næringsråd:

Snarveier

Del