Inviro

Inviro Inviro er ein klyngeleiar, ein næringshage og eit studiesenter i Nordfjord. Les meir på www.inviro.no

Vi er ein pådrivar for lokal verdiskaping gjennom kompetanse, møteplassar og samarbeid i regionen.

🚨NordfjordTreffet 2026 – no er alt på plass! 🚨Då var endeleg den siste brikka på plass – og for ei brikke! Vi er stolte ...
22/12/2025

🚨NordfjordTreffet 2026 – no er alt på plass! 🚨

Då var endeleg den siste brikka på plass – og for ei brikke! Vi er stolte over å kunne avsløre at Dag Otto Lauritzen sjølvaste Obersten frå Kompani Lauritzen, kjem til NordfjordTreffet 2026👑

Med det kan vi med stor glede invitere heile Nordfjord til ein festdag for næringsliv og alle gjestar, i Bremanger og Svelgen.

👉 For næringslivet (kl. 12:00–16:30)
Vi startar dagen med Nettverk Nordfjord, der det blir
– omvisning hjå hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger
– fagleg påfyll med Linda Hovland og Framtidsfylket, med fokus på Employer Branding og Trainee-ordninga

👉 Inspirasjon og prisutdeling (kl. 16:30–17:30)
Dørene opnar for både næringsliv og publikum, og vi inviterer til eit inspirasjonsforedrag med Dag Otto Lauritzen, før utdeling av Nordfjordprisane.
⏳Foredraget er gratis – "førstemann til mølla" prinsippet som gjeld

🔹 NordfjordTreffet i Svelgen idrettshus (kl. 18:00–20:30)
No opnar vi dørene for ALLE!
– Ingen 18-års grense i år
– Om lag 60 verksemder og aktørar med stand
– Eit mangfald av moglegheiter, arbeidsplassar og framtidstru i Nordfjord

Påmelding stands: https://forms.office.com/e/hadLavqxJE
Påmelding gjest: https://forms.office.com/e/ZcK1dbju7J
Eller les meir på www.inviro.no

💚 NordfjordTreffet er for ALLE – enten du er elev, student, arbeidstakar, arbeidsgjevar, utflyttar, tilflyttar eller berre nysgjerrig på alt det fantastiske Nordfjord har å by på.

📍 Set av datoen 31.03.26 - Bremanger kommune

Prosjektgruppe NT26:
Inviro Nordfjordkompaniet Mogleg Bremanger kommune

Verdens beste sponsorar:
Sparebanken Norge og SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Og tusen takk til bidragsytarane på NT26
Elkem og

Mykje spanande og variert på agendaen innan kompetanseutvikling på nyåret. I januar og februar tilbyr vi følgjande kurs ...
17/12/2025

Mykje spanande og variert på agendaen innan kompetanseutvikling på nyåret. I januar og februar tilbyr vi følgjande kurs og samlingar:

• Krisehandtering og stabsarbeid (19.–20.01.26)
– Er de klare når det uventa skjer?
– 2 dagers-kurset blir gjennomført av DSB kurssenter, ein av dei fremste aktørane i Noreg innan samfunnstryggleik og beredskap.

• Leiarutvikling i fjorden – «Konflikt» (29.01.26)
– Handtering og førebygging av uønska hendingar. Kor går grensa for kva som er akseptabelt?
– Leia av Sindre Storvoll psykologspesialist med brei erfaring innan leiing, organisasjon og arbeidsliv.

• Workshop: Copilot i praksis (03.02.26)
– Brukar de Copilot og Microsoft 365 fullt ut, eller berre delar av potensialet?
– Workshopen blir leia av Merethe Stave frå CloudWay, erfaren rådgivar innan Microsoft 365 og Copilot.

• INCOTERMS (19.02.26)
– Er de trygge på ansvar, kostnader og risiko i internasjonal handel?
– Kurset blir halde av Martin Berntzen Often frå advokatfirmaet BULL, med over 15 års erfaring innan avgift og handel.

• Presentasjonsteknikk (25.02.26)
– Vil du bli tryggare når du står framfor andre, og sikre at bodskapen når fram?
– Kurset blir halde av Kari Eldby Rygg frå StudieHub / Inviro, med brei erfaring innan undervisning, leiing og fagutvikling.

Meir informasjon og påmelding til alle aktivitetane finn du på https://inviro.no/

Om du er interessert i følge med på kva som skjer i Inviro, må du gjerne følgje nyhetsbrevet vårt som kjem ut ca. ein gong i månaden. Lenke til dette finn du også på inviro.no


Nysgjerrig på kursa våre?😃  Vi veit at det kan vere litt vanskeleg å finne fram til all informasjonen inne på sjølve arr...
12/12/2025

Nysgjerrig på kursa våre?😃

Vi veit at det kan vere litt vanskeleg å finne fram til all informasjonen inne på sjølve arrangementsidene, og av og til har vi rett og slett så mykje å dele at ikkje alt får plass der.

I aktivitetskalenderen på Inviro.no finn du derfor oversikt over kva kurs vi tilbyr, og utfyllande informasjon om kvart enkelt kurs.

Techpub Nordfjord - teknologi, nettverk og gode samtalarTechpub er ein lågterskel møteplass der vi kombinerer fagleg påf...
04/12/2025

Techpub Nordfjord - teknologi, nettverk og gode samtalar

Techpub er ein lågterskel møteplass der vi kombinerer fagleg påfyll med uformelle samtalar. Ein ein arena der teknologi og næringsliv møtest, og der nye idear kan oppstå over ein kopp kaffi eller eit glas.

💡 Ideen bak Techpub:
Mange verksemder og fagmiljø i Nordfjord jobbar med teknologi, digitalisering og innovasjon. Techpub er skapt for å samle desse miljøa. For at dei skal få dele erfaringar og bygge relasjonar på ein uformell måte. Her får du korte innlegg om aktuelle tema, og minst like viktig tid til å prate saman og knyte kontaktar.

https://www.itforumvest.no/aktuelt/ein-lgterskel-arena-for-teknologi-og-nettverk-i-nordfjord

Neste Techpub:
📅 29. januar 2026.
⌚️ 17.30
📍 Stad: Magnifikk på Nordfjordeid.
🔗 Arrangørar: IT-forum Vest og Inviro

Program og detaljar kjem snart, men vi lovar både fagleg inspirasjon og sosialt fellesskap.
Følg med i SoMe eller på inviro.no/aktivitetskalender for mer informasjon .

Vi sjåast!

På vegne av Vilje helseklynge delar vi informasjon til deg eller di bedrift om eit FoU-møte komande mandag: Måndag 1. de...
25/11/2025

På vegne av Vilje helseklynge delar vi informasjon til deg eller di bedrift om eit FoU-møte komande mandag:

Måndag 1. desember inviterer Vilje helseklynge i lag med mellom anna Sogn og Fjordane Næringsråd til eit FoU-møte der hovudspørsmålet dei stiller er: Korleis kan ny kunnskap om KI, digitalisering, robotisering og andre teknologiar endre og utvikle arbeidsmåtar og avdekke behov for nye tenester og produkt i helsesektoren?

Kvifor:
Helsesektoren står framfor store endringar, og både i kommunane og på sjukehusa må ein i framtida sjå på nye måtar å levere helsetenestene på. I eit slikt framtidsbilete vert meir samarbeid på tvers av fag og sektorar avgjerande viktig. I Sogn og Fjordane har vi i 2025 etablert Vilje helseklynge. Dette er ei kunnskaps- og næringsklynge som har verdiskaping gjennom samarbeid som ei målsetting. Teknologi vil spele ei avgjerande rolle når helsesektoren må omstille seg, og nye innovasjonar frå næringslivet vil vere ein del av løysingane i helsesektoren i framtida.

Dette møtet er ope for alle, men dei ønskjer i sær god deltaking frå næringslivet; både dei som allereie utviklar løysingar til helsesektoren og dei som kanskje i framtida kan tenke seg ein marknad her.

Vi har framleis nokre ledige plassar på kurs i varme arbeid i morgon. Påmelding finn de i lenka under.
12/11/2025

Vi har framleis nokre ledige plassar på kurs i varme arbeid i morgon. Påmelding finn de i lenka under.

Kurs i varme arbeid for bedrifter

11/11/2025
🤖First Lego League er utan tvil ein av dei kjekkaste dagane vi har i  . 🤖På laurdag som var, i eit strålande samarbeid m...
10/11/2025

🤖First Lego League er utan tvil ein av dei kjekkaste dagane vi har i . 🤖

På laurdag som var, i eit strålande samarbeid med Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune, Operahuset Nordfjord, Nordfjordkompaniet og lokale og regionale samarbeidspartnera, er vi stolte over å få vere med og bidra til at over 100 barn frå Nordfjord og Sunnfjord får moglegheit til å leike, utfordre seg sjølve og konkurrere med teknologi og smarte løysingar.

Dei har jobba hardt. Dei har utfordra seg sjølve. Dei har vore litt nervøse. Dei har samarbeidd. Dei har lært – og MAKAN til engasjement, glede og stoltheit skal ein leite lenge etter! Dette er kretsfinalen i fotball, handball, turn og ski – alt på ein gong – for desse elevane.

Det er altså så utruleg kjekt å vere dommar og få dele denne opplevinga med dykk, sjå alt de har jobba for, og korleis de gjennomfører som planlagt. Alle som deltok kan vere utruleg stolte av det de leverte – både under presentasjonane og på robotbana.

Frå både arrangørar, samarbeidspartnarar og dommarar kan vi med handa på hjartet gratulere dykk med ei knakande god gjennomføring – og vi gler oss allereie til neste års arrangement! 👏🤩

Tusen hjartleg takk til alle våre sponsorar som er med på å gjere denne dagen mogleg 👍
Sparebanken Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Tekna - Equinor - Åsen & Øvrelid - Stryvo - - Enivest AS - Paneda - Convene - Eid Elektro

09/11/2025

Adresse

Bankgata 1
Nordfjordeid
6770

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Inviro legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Inviro:

Del